forside | kart | fakta | tips | oppslag | nyheter | artikler | debatt |  video | musikk |
| mathelseTangaroa | Robinson | mysterier | penpals | linker | billetter | kontakt |
Bjørn Smestad

- Skilpadder på
250 kilo og 150 år!
Ingvar og Ragnhild Bakken liker å reise, og etter en seiltur i Karibien med Banana Lady dro de på 4 måneders tur til Stillehavet. Denne gangen hoppet de fra øy til øy med fly. Første stoppested på eventyret var Galápagosøyene med sitt flotte dyreliv!

- Vi starta vår nye tur med ei ganske slitsom reise i 48 timar med buss, fly, venting, venting og venting.... I Quito som er hovedstaden i Ecuador overnatta vi ei natt på hotell, det var veldig deilig å kvile litt før vi drog ut til Galapagosøyane. Det er 13 store øyar og viss vi teller alle dei små er det ca 40 øyar med alle små holmar. Vi kom til 28 grader og sol og vart møtt av guiden vår Cæsar som tok oss til hotelle vårt Red Booby.
Marin-iguana
Marin-iguana
Kjempeskilpadder
Dei neste dagane var det tett program med guida turar på fleire av øyane. Vi drog med båt tidlig om morgenen og vart tatt med på turar på andre øyar og snorkling etterpå.
   Det som er spesielt med Galapgos er alle dei rare dyra vi fekk sjå og det var nettopp derfor vi drog. Vi besøkte en park med kjempeskilpadder, dei kan bli opp ca 250 kilo og fleire av dei vi såg var svære og veldig gamle (ca 150år)
   Mange blir samla i parkar for å bevare dei medan dei er små og vi fekk mykje info om kor utrydningstrua dei har vore og er. Stilig å kunne gå så nær dei som vi gjorde!
Hai
Hvittipp hai
Hvittipp hai
Vidare har vi sett land- og marin iguanaer, dei går omkring overalt og ser ut som mini dinosaurar. Dei har også mykje fine fuglar blant anna blå booby som har blå føter og blått nebb eller fregattfuglen der hannen har ein flott raud pose under nebbet som han bles opp når han er i paringstida. Sjøløvene låg omkring på fleire av strendene og hoppa ut i når vi nærma oss, men pigvinane stod berre heilt stille på steinar som om dei var statuer.
   Når vi snorkla såg vi mange fargerike fiskar, - papegøyefisken smakte faktisk ok når vi fekk den til middag eine dagen! Vi fekk sjå kvitfinn hai på veldig nært hold, - skater og dei majestetiske havskilpaddene som flaut forbi oss rett som det var.
Papegøyefisk
Papegøyefisk
Hjelpsomme
Det er spansk det går på her i området så vi har til tider fått oss til å bable litt uforstående " Ke hora es lunch?" Men det er stort sett veldig høflige og snille folk vi har hatt med å gjere og guidane har vore veldig hjelpsomme og flinke i engelsk. Forøvrig har vi følt oss veldig høge attmed desse mini folka.
Idyllisk
Ingvar snorkler
Ingvar snorkler
Det deilige er å kose seg i sola igjen sjølv om vi har vore avhengige av airconditionen på rommet! Eina dagen var vi på øya Isabella, der er det berre en liten landsby og eit lite shabby hotel med brakkvatn i dusjen. Men det er ein idyllisk stad med ei vakker strand og på denne øya er verdens nest største vulkan krater. Vi tok ein dagstur opp dit og fekk gå og sjå på området. Eit stykke opp reid vi på hestar og cowboy Ingvar var i sitt ess!!
   Det er kun 2 år sidan forrige utbrudd på vulkanen Chico men det var ikkje så stort at det gjorde noko skade.

Ragnhild og Ingvar
Ingvar og Ragnhild
Frukt
Vi har aldri ete så mykje sunt som vi har gjort her, sidan vi hadde lunsj og middag inkludert i prisen fekk vi fisk og grønnsaker kvar dag vi var på Galapagos enten på guida turane eller til middag. Og masse frukt til frukost kvar dag.
Opplevd
Vi vil absolutt anbefale både Galapagos som reisemål, her er veldig mykje flott å sjå! Men det kan være lurt å bruke lenger tid og å ikkje ha så tett program kvar dag, det kan bli litt slitsomt. Vi stod opp kl 6 og 5.30 fleire dagar! Men vi har opplevd mykje :)


Av
Ingvar og Ragnhild Bakken


For våre sider om Galápagosøyene - klikk her.
For våre artikler om livet i havet - klikk her.
For Ingvar og Ragnhilds
egne sider - klikk her.

Tips en venn : "Har du lest artikkelen i internettmagasinet Sydhav om Ingvar og Ragnhild Bakken som besøkte Galápagosøyene?"
Til  (fyll inn): Fra (fyll inn):

"Det Siste Paradis"
Det siste paradisBoken om Terje Dahls seilas i 22 fots Coco Loco, den minste båten til å legge ut på en jordomseiling.
" - Du er klin kokos! sa vennene mine da jeg kastet loss fra Rådhuskaia. Etter fire år, to orkaner og fire tropiske stormer måtte jeg lure på om de hadde rett..."
Klikk her for å lese utdrag fra boken.
Klikk her for å lese om e-bok og bestille.
Pris kr.150,-

Klikk her for å lese om Terje Dahls bøker.
Mer om Terje Dahls sydhavsliv, klikk her.
forside | kart | fakta | tips | oppslag | nyheter | artikler | debatt |  video | musikk |
| mathelseTangaroa | Robinson | mysterier | penpals | linker | billetter | kontakt |